2.12.09

Treningshysteri og grensesprenging

Nokre av dykk er kanskje kjent med min skepsis til, ja kanskje til og med motstand mot, den uskrivne regelen om at alle skikkelege samfunnsmedlemmer må vere medlem av eit treningssenter.

Eg hevdar hardnakka at det ikkje er trening eg har noko mot, men snarare at det skal koste så sinnsvakt mykje å trene innomhus. Dei med gode øyrer og godt minne kan kanskje hugse at eg også har sagt at eg er ein mosjonist meir enn ein treningsidiot. Mosjonere kan ein gjere gratis utomhus kvar som helst, og her på Vestlandet trenger moglegheitene for hard fysisk trening som motbakkeløp ol. seg nærast på oss.

Eg har derfor ikkje vore medlem av noko treningssenter sidan eg meldte meg ut av SATS i Trondheim i 2001. Heller ikkje då eg kom hit for litt over eit år sidan ville eg bøye av og melde meg inn, trass i at alle, ja alle, andre er medlem på Treningssenteret (med stor T). Eg vil ikkje. Dei får ikkje sugerør inn på lønningskontoen min. Eg er jo trass alt sunnmøring inni meg.

Men eg må innrømme at det dårlege samvitet overfor kroppen min har auka. Og no for nokre veker sidan bestemte eg meg for at tiltak måtte iverksettast. Eg gjorde litt research og fann ut at dei kommunale fysioterapeutane (med hjelparar) tilbyr eit friskis og svettis-opplegg. Ulike timar, med ulik vanskegrad, noko kvar dag.

Med relativt dårleg samvit og difor ganske dårleg sjølvtillit starta eg på lågaste nivå. Eg kan lett seie at eg kjende meg overkvalifisert for timen. Eg fekk absolutt noko ut av det. Eg kan jo springe så fort eg vil, og eg kan ta så mange armhevingar og situps eg klarar. Men, neste gong eg skulle på trening gjekk eg to hakk opp, til middels treninga (for dei som er vane med å trene). Der kjende eg meg heime. Men eg var likevel ikkje dausliten etterpå.

På mandag tok eg skrittet heilt til topps. Skitrening (for deg som er verkeleg godt trena - eg kjende meg ikkje igjen i karakteristikken). Eg møtte tidleg opp, for å førebu meg mentalt. Heldigvis såg det ikkje ut som eg var den einaste som ikkje var toppidrettsutøvar. Eg hang med, stort sett, men eg trur aldri eg har vore på ei så hard trening. Eg er støl i musklar eg ikkje har kjend sidan gymmen på ungdomsskulen.

Men eg er ikkje i tvil om at det gjorde meg godt. Til våren blir det ein kombinasjon av middelstrening og skitrening. Saman med mosjon i motbakkane utanfor huset. pust og pes. puh.



Og når vi no er inne på grensesprenging; er det ein arena der eg verkeleg har hatt dårleg sjølvbilete, er det symjing. Eg har aldri tatt meir enn svømmeknappen og, på grunn av manglande realitetsorientering, har eg derfor trudd at eg ikkje kan svømme meir enn 200 m. Men fredag fekk Idun lokka meg med i bassenget. Og jammen klarte eg ikkje å setje ny personleg lengderekord med ein faktor på nesten 7,5! Idag gjentok eg det, så no har eg symt 3000 meter på ei veke. Hurra! Nyttårsforsett gjennomført før nyttår!

30.11.09

En liten Guatemalahistorie

For tiden er jeg trygt plassert med begge beina godt plantet på norsk jord. Men som gammel Guatemalafarer er jeg så heldig å til en hver tid ha nære eller mindre nære venner i det forgjettede land. Og innimelllom sender de historier til meg fra andre siden av Atlanteren. Ikke alle blir publisert her. Men siden denne bloggen heter guateguateguate til fornavn har jeg vel et visst ansvar for å bringe slike historier videre (denne gangen med Mariannes ord):

I et forsøk på å sette smil på munnen deres kommer en liten historie fra torsdag 27.11, Congreso de la República i Gutemala By (og så veldig veldig gjerne man skulle vært flue på veggen denne dagen)

Det var åpen samling i kongressen, og de folkevalgte er i intense dskusjoner om (og kanskje helst mot) budsjettet for 2010 og presidentens forsøk på å øke noen skatter (huff disse sosialistiske forsøkene som Colom driver med....:P) Politiet var som vanlig i flertall utenfor bygningen, den åpenbare årsaken var nok alle demonstrasjonen som har vært de siste dagene og ukene og månedene.
Dagens første overraskelse var bombetrusselen! Politi og spesialstyrker styrter inn for å finne ut at det er ingen større fare på gang. Få minutter etterpå opplever guatemala en ganske kraftig rystning (på grensen til å være et ordentlig jordskjelv), og alle folkevalgte og funskjonærer styrter ut i evakueringsforsøket. Vel ute av bygningen oppdages det at den kjære kongress-presidenten sitter alene igjen inne grunnet sitt brukne ben :)
Så til dagens høydepunkt, like etter at alle var vel installert inne i bygningen igjen, kommer politistyrkene inn for andre gang og uttaler at de har arrestordre på en av de folkevalgte. Hele 10 representanter bryter ut i vill panikk og prøver seg på ulike stuntforsøk for å unngå arrest.

Avisenes store historie dagen etter var om en ved navn Meyer. Etter å ha latt som han besvimte, ble han båret inn på kvinnedoen og der forble han i skjul en god stund, etterhvert kom det en ambulanse til åstedet (grunnet han fatale besvimelse og "helsesituasjon"). Meyer flyktet ut i nevnte ambulanse og ble ført til ett hemmelig skjulested og der ble han...

...helt til han fikk forsikret seg om at det ikke var han politiet var ute etter i det hele tatt :)
(så kan man bare begynne å lure på hvem som kommer til å få arrestorden mot seg neste gang!)


Min kommentar er bare:
Kostelig. Innimellom skulle man jo ønske det var litt mer Texas her hjemme også. Hverdagen i gamle Norge virker jo rent ut sagt kjedelig i sammenligning. Go Guate!

18.11.09

Første skitur for sesongen...

... vart gjennomført søndag. Elin og Frank var på besøk frå Oslo, og på veg heim for dei, la vi inn eit stopp på Tyin. Det var tradisjonelt påskeføre med skaresnø. Vi smurde med klister og hadde likevel god gli (og ok feste).

Eg må innrømme at eg ikkje var veldig positiv i forkant, men når eg fekk skia på beina, og stavane i armane, og kunne stake meg bortover kvite sletter - ja, då hadde eg gløymt alt om kvifor eg tykte det var langt å reise for ein liten tur... Eg gler meg til meir ski i vinter, og håpar at snøen snart legg seg på ein stad litt nærare Sogndal...


2.11.09

Fordomar - ei ode til bibliotekarane

På tide å ta eit oppgjer med ein av fordomane mine. Eg er nok ikkje aleine om å assosiere bibliotekaryrket med ei omstendeleg middelaldrande dame med under middels spennande klede og god tid.
Første gong eg måtte redefinere dette biletet var for nokre år sidan, då eg høyrte om ei venninne av ei venninne av meg som utdanna seg til bibliotekar. Brått vart den middelaldrande dama i tankane mine forsøkt bytta ut med ei lyshåra jente i 20-åra.
Andre gongen eg måtte redefinere dette biletet var i vår, då eg blei kjend med Camilla, som er høgskulebibliotekar her i Sogndal. Ho er nesten som meg. 30 år. Opptatt av kultur, natur og sjølvsagt bøker. Ho kler seg i vanlege klede og høyrer mykje på Ipod (der ligg ho jo framfor meg, eg har ikkje eingong Ipod).

Etter at eg starta å jobbe på Vestforsk er bibliotekarane viktigare enn nokon gong før. Som student måtte eg gå på biblioteket, og finne bøkene sjølv og låne dei på ei maskin. Berre eit fåtal gonger snakka eg med dei som jobba på biblioteket. Men no kan eg trykke ei bestilling inn på dataskjermen min og nokre dagar seinare ligg boka i posthylla mi. Levert av, ja, nettopp, bibliotekarane. Camilla sender attpåtil nokre gonger små helsingar som ein tepose eller ein sjokolade i konvoluttane med bøker.
Men altså. Ideen om at bibliotekarar tek seg litt ekstra tid har det tatt litt tid å avlive. Men no må eg ta eit oppgjer med den ideen og. Torsdag føremiddag hadde eg besøk av ein kollega på kontoret. Han hadde ei bok som eg tykte såg interessant ut, og då han hadde gått, gjekk eg inn i Bibsys (altså på nettet) og bestilte boka. Ein - 1 - time seinare var eg ferdig med lunsj, og sjekka som vanleg posthylla mi. Og der låg boka!
No er biletet mitt av bibliotekarane endra til ei ung, hipp og kul dame med over middels brains og ræva i gir. Hurra for Camilla og gjengen!

21.10.09

VG spesial

Har vore ein snartur i Oslo, og på veg heim i går fann eg ei lettbrukt avis i setet ved sida av meg. I min gjennomgang av gårsdagens utgåve av Verdens gang, har eg funne følgjande gullkorn:

Gullkorn 1 (s. 8)
"...en times hard marsj fra den endeløse grusveien mot Uganda"

Endelaus grusveg? Er det ikkje litt rart om grusvegen aldri ender? Eller er det berre eg som reagerer på slikt?

Gullkort 2 (s. 12)
"- Jeg hadde aldri sett en krokodille før (...) Den så ut som et ekte monster."

Ekte monster? Her er eg usikker på om det er journalisten eller intervjuobjektet som er dummast. Men dersom journalisten hadde vore god, hadde han nok ikkje gjengitt utsagnet så direkte.

Gullkorn 3 (s 16.)
"Vant anbud - var 3 ganger DYRERE"

I seg sjølv kanskje ikkje verdt eit gullkorn, men når eg såg summane på dei to anbuda, har dette likevel unekteleg status som gullkorn. For kva tid vart 1.282.000 euro tre gonger meir enn 292.960 euro? I mitt hovud blir dette minst fire gonger så mykje.


Hurra for VG!!

28.9.09

Work in progress

Jeg har ikke glemt bloggen. Jeg går med mange tanker om hva jeg skal fortelle. Men jeg har ikke overskudd. Imens vokser den elektroniske bunken av bilder som skal inn i bloggalbumet seg større og større. Dere kan glede dere.

1.9.09

Leiarløft

Første speidartur for hausten er tilbakelagt. Eg har tenkt at eg skal skrive litt meir om kva denne hausten kanskje skal bringe av nye ting, deriblant speidarliv. Men det blir ein annan gong. Dette blir ein forsmak. Som ein pangstart på speidarterminen blei eg med på nasjonalt leiarløft på Ingelsrud like ved Sverige i helga. Telt, uteliv, leirbål, morgonsamling, aktivitetar og inspirasjon stod på programmet.

Trass i dystre meldingar hadde vi faktisk ikkje regn i helga. Det bøtta rettnok ned på veg til leirplassen, og det første teltet vi vurderte å leggje oss inn i var eit symjebasseng. Heldigvis fann vi eit telt som ikkje hadde vatn oppå presenningen, og vi la oss inn der. Eg fekk testa ut den nye luftmadrassa mi, med dunfyll, og er strålande nøgd med den.

Eg har dermed fått vore ute i skiftande skydekke, men konstant opplett og til tider ganske kraftig solvarme som klarte å bryte gjennom vinden. Eg har leika, sunge, ledd, ete, speida og kost meg. UTE. Herleg!

Då eg kom til Oslo søndag ettermiddag snubla eg i første og beste fortauskant. Eg trivst nok best utanfor storbyen.

28.8.09

Vi trenger flere unge menn som benmargsgivere

Idag gjengir jeg en oppfordring fra Regine:

"Jeg så et nyhetsinnslag på nrk i dag om at vi har alt for få unge menn som er benmargsdonorer. Av de totalt 28 000 som er registrert som donorer er bare 2300 menn under 36 år. Unge menn er de som er best egnet som benmargsdonorer. Man får alltid flest celler ut av unge menn. De har en høy celleproduksjon, og det er lett å tappe dem fordi de har gode blodårer. Legene er bekymret over det statistikken viser.

Hvordan bli donor?
Først og fremst må man være blodgiver. For å bli det kan du ta kontakt med din lokale blodbank. Som frivillig giver blir du først vevstypet, og det skjer ved en vanlig blodprøve. Opplysningene blir lagt inn i benmargsgiverregisteret. Det er først hvis du blir valgt ut at stamceller høstes. Sjansen er veldig liten for å bli valgt ut som donor, men likevel er det utrolig viktig at de som kan melder seg slik at de som trenger det har en mulgihet til å finne en potensiell donor. Tenk om akkurat DU kan være med på å redde liv?

Å gi stamceller er helt ufarlig og gjøres enten ved å tappe dem fra blodet eller benmargen. Alle har rikelig med benmarg, og det taes ut bare en liten del som kroppen erstatter fullstendig i løpet av noen dager.

Tenk å sitte igjen med den følelsen av at du kanskje kan ha reddet et liv. Det må være helt fantastisk. Det er slike ting som gjør livet mer meningsfylt. (...)

Dette er en oppfordring folkens.
OBS. Man må være over 18 år for å være både blodgiver og donor.

24.8.09

Matauk

Helga baud på opplett og gode moglegheiter for sanking av skogens frukter. Laurdag var eg på tredje blåbærtur for året saman med Frida og Camilla. Bær av tre sortar, samt mengder av både kantarell og rødskrubb. Lukke. Er det rart eg trivst i Sogn?

18.8.09

Vidunderbarn

Eg er definitivt veldig inhabil, og sikkert framleis langt inne i 'tantetåka'. Eg lurte jo på korleis det skulle bli - kva som ville vere annleis med denne lille jenta sammenlikna med alle dei andre små jentene og gutane eg har gleda meg over dei siste åra. Eg kan ikkje seie kva som er annleis, men at det er stor skilnad er det ikkje tvil om. Eg får ikkje nok. Heldigvis har eg ei snill søster som sender bileteoppdateringar med jamne mellomrom slik at eg slepp å få heilt abstinens.

No nærmar ho seg 3 månader. I går var ho ute på sin første flytur, då den lille familien skulle på besøk til pappa si side på Austlandet. Og ho skreik ikkje i det heile tatt. Ho smelta sikkert hjertet til alle som såg ho. Sist eg var heime, for ein månad sidan, var ho i ferd med å lære seg både å 'synge' lange lydar når vi sang til ho og å 'prate' korte lydar når vi snakka med ho. No høyrer eg ho pludre i bakgrunnen når eg snakkar i telefonen med Anna. Fantastisk. Ho er eit vidunderbarn. Eg let det siste tilsendte biletet tale for seg sjølv:

gull