fredag 5. november 2010

Hyttetur

Helga for to veker sidan var det tid for hyttetur med den utkåra. Alt var perfekt; det hadde nett komt nokre få centimeter nysnø, sola skein frå skyfri himmel heile dagen og vart avløyst av fullmånen om kvelden. Kombinasjonen fullmåne og snø gjorde at det aldri vart heilt mørkt, og laurdag var vi på langtur, som vart avslutta i månelyset. Eg er dessverre ikkje god nok til å ta bilete i mørkret, så eg fekk ikkje foreviga det fortryllande månelyset, men eg håpar bileta som blei tatt i dagslys likevel kan gje eit inntrykk av kor strålande (bokstaveleg forstått) helga var!