mandag 19. april 2010

Løn for strev

Haha. Den beste oppdaginga så langt denne månaden kom igår. Etter at eg i haust hadde 90% stilling, har lønna mi ikkje blitt oppjustert frå nyttår. Det betyr at eg har fått 3 000 for lite utbetalt i 4 månader. Løna for april er allereie utbetalt, men i mai får eg altså att det eg ikkje har fått fram til no.


Av dei 12 000 eg har uteståande blir det sjølvsagt trukke ein del skatt, men eg kjem sannsynlegvis til å sitje att med mellom 6 og 8 tusen. Det store spørsmålet er sjølvsagt kva eg skal bruke pengane til? Fornuften seier kanskje nedbetaling av studielån. Men eg har nokre sparekroner som eg har tenkt å bruke til det. Derfor er det ikkje aktuelt å sende pengane til Lånekassa. Dette skal feirast. Eg vil hugse det. Men på kva måte?
  • Flybillett til Brasil?
  • Ny datamaskin?
  • Ny sykkel?

Finst det andre gode forslag?

onsdag 14. april 2010

Vårteikn


Våren er komen! Eg synest det er deilig, og feirar med å dele vårteikna frå den siste veka:
  • Det er lyst om kvelden. På søndag var eg ute på ein kveldstur, og då eg kom ut klokka halv ti var det framleis lys i lufta!
  • Eg kan gå ute i t-skjorte utan å fryse. Midt på dagen er det rett og slett for varmt med genser og jakke
  • Lunsj i det fri. Vi har ete lunsj på terrassen på jobb i fleire dagar, i t-skjorte og solbriller.
  • Det blomstrar i alle hagar. I kvar eunaste hage eg går forbi på veg til butikken eller til jobb kjem blomane fram. Nokre stader kan eg følgje utviklinga frå dag til dag.
  • Sykkel og is. Då eg var på sesongens første skikkelege sykkeltur på søndag kjøpte eg is når eg kom til Leikanger.
  • Hagemøblane er tatt i bruk. To gonger siste veka har eg og boka mi budd i solstolen om ettermiddagen.
  • Eg har fått solskille på brystet. Etter leseøktene ute i hagen er skillet synleg når eg ser godt etter.
  • Møkkalukt. For oss som bur på landet er lukta av møkkaspreiing lukta av vår. Nokre likar ho ikkje, men eg gjer det når eg slepp å stå midt oppe i ho i lange tider.
Har du nokre vårteikn du vil dele?