torsdag 10. juni 2010

Namnefest

På søndag var heile familien på begge sider invitert til Horten for å feire Aurora sin namnefest. Sola skein og Aurora hadde kome to strategiske steg vidare på utviklingsstigen sidan 1-årsdagen for to veker sidan. For det første har ho no lært å gå, slik at ho sjølv kunne kome gåande ut av forsamlingshuset der seremonien hadde vore. Alle dei andre ungane måtte berast. For det andre har ho plutseleg skjønt svært godt at merksemd retta mot henne er kult. Det er ikkje så lenge sidan ho tykte at mange menneske tett oppi henne blei veldig mykje og derfor byrja å skrike. Men på søndag var ho i sitt ess, og flørta med både born og vaksne.

Mannen til farmora til Aurora er kjempeflink til å ta bilete, og det nyt vi alle godt av. Det blir mange flotte minner frå dei gangane dei møtest. Nedanfor er ein liten kavalkade frå søndagen.



Og dersom nokon lurte: Eg er framleis forelska!