onsdag 2. desember 2009

Treningshysteri og grensesprenging

Nokre av dykk er kanskje kjent med min skepsis til, ja kanskje til og med motstand mot, den uskrivne regelen om at alle skikkelege samfunnsmedlemmer må vere medlem av eit treningssenter.

Eg hevdar hardnakka at det ikkje er trening eg har noko mot, men snarare at det skal koste så sinnsvakt mykje å trene innomhus. Dei med gode øyrer og godt minne kan kanskje hugse at eg også har sagt at eg er ein mosjonist meir enn ein treningsidiot. Mosjonere kan ein gjere gratis utomhus kvar som helst, og her på Vestlandet trenger moglegheitene for hard fysisk trening som motbakkeløp ol. seg nærast på oss.

Eg har derfor ikkje vore medlem av noko treningssenter sidan eg meldte meg ut av SATS i Trondheim i 2001. Heller ikkje då eg kom hit for litt over eit år sidan ville eg bøye av og melde meg inn, trass i at alle, ja alle, andre er medlem på Treningssenteret (med stor T). Eg vil ikkje. Dei får ikkje sugerør inn på lønningskontoen min. Eg er jo trass alt sunnmøring inni meg.

Men eg må innrømme at det dårlege samvitet overfor kroppen min har auka. Og no for nokre veker sidan bestemte eg meg for at tiltak måtte iverksettast. Eg gjorde litt research og fann ut at dei kommunale fysioterapeutane (med hjelparar) tilbyr eit friskis og svettis-opplegg. Ulike timar, med ulik vanskegrad, noko kvar dag.

Med relativt dårleg samvit og difor ganske dårleg sjølvtillit starta eg på lågaste nivå. Eg kan lett seie at eg kjende meg overkvalifisert for timen. Eg fekk absolutt noko ut av det. Eg kan jo springe så fort eg vil, og eg kan ta så mange armhevingar og situps eg klarar. Men, neste gong eg skulle på trening gjekk eg to hakk opp, til middels treninga (for dei som er vane med å trene). Der kjende eg meg heime. Men eg var likevel ikkje dausliten etterpå.

På mandag tok eg skrittet heilt til topps. Skitrening (for deg som er verkeleg godt trena - eg kjende meg ikkje igjen i karakteristikken). Eg møtte tidleg opp, for å førebu meg mentalt. Heldigvis såg det ikkje ut som eg var den einaste som ikkje var toppidrettsutøvar. Eg hang med, stort sett, men eg trur aldri eg har vore på ei så hard trening. Eg er støl i musklar eg ikkje har kjend sidan gymmen på ungdomsskulen.

Men eg er ikkje i tvil om at det gjorde meg godt. Til våren blir det ein kombinasjon av middelstrening og skitrening. Saman med mosjon i motbakkane utanfor huset. pust og pes. puh.



Og når vi no er inne på grensesprenging; er det ein arena der eg verkeleg har hatt dårleg sjølvbilete, er det symjing. Eg har aldri tatt meir enn svømmeknappen og, på grunn av manglande realitetsorientering, har eg derfor trudd at eg ikkje kan svømme meir enn 200 m. Men fredag fekk Idun lokka meg med i bassenget. Og jammen klarte eg ikkje å setje ny personleg lengderekord med ein faktor på nesten 7,5! Idag gjentok eg det, så no har eg symt 3000 meter på ei veke. Hurra! Nyttårsforsett gjennomført før nyttår!