mandag 23. august 2010

Fjelltur og seminar

Torsdag og fredag vart det invitert til seminar om Landskap og filosofi på Sota Sæter. Eg er vel mest for hobby-filosof å rekne, men ettersom eg har jobba litt med landskap på akademisk nivå syntest eg at eg kunne melde meg på. Eg vil gjerne halde meg oppdatert på dette feltet, og skal eg vere ærleg, så freista det vel litt med nokre dagar til inspirasjon i fjellheimen.

Eg fekk motivert SunnmørsMarit som bur i Jostedalen til å vere med, og saman tok vi rett og slett beina fatt og gjekk til seters. Ikkje for å gjere oss feite primært, men det vart servert mykje og god mat (og drikke), så då fekk vi vel att for at vi gjekk. Altså, dette høyrest kanskje verre ut enn det er. Vegen over Handspiki, frå inst i Jostedalen til inst i dalen der Sota Sæter ligg, er ikkje så lang. Vi gjekk etter jobb onsdag og var framme til sein middag kl 19. På tilbakevegen var tidsramma endå litt strammare, fordi Marit måtte rekke barnehagen og SFO. Vi starta ved lunsjtider, og rakk det med god margin. Dei vi møtte som hadde køyrt frå Sogn til Sota hadde brukt 3-3,5 timar på det, så då var det vel ikkje noko dårleg alternativ å gå i 3,5 timar? Biletet under er tatt på heimvegen, frå vasskiljet, Handspiki, og vestover mot Styggevatnet og Jostedalsbreen. Vi ser kanskje ikkje kjempelukkelege ut på biletet, men det får gå på kvota for ikkje-heilt-vellukka sjølvportrett, heller enn å bli forklart med at vi ikkje var nøgde med situasjonen og valet.

 

Seminaret kan eg også skrive mykje godt om. Kombinasjonen av innleiarar var brei og inspirerande, frå filosofi, via kunsthistorie til politikk. Alle med landskap og tankar og oppfattingar av landskap som overordna tema. Lekfolk og akademikarar. Herleg! Masse inspirasjon for meg. Eg vil slå eit slag for tematiske seminar som inneheld innleiingar frå mange ulike vinklar på same tema, heller enn breie forskingsseminar, der den samlande faktoren er at alle driv forsking. Hurra for Skjåk kommune som har gode folk til å setje saman program!

fredag 13. august 2010

Mannen

Eg har hatt mange sjansar. Eg har gjort mange forsøk. Først trudde eg at det skulle løyse seg av seg sjølv, utan innsats frå mi side. Men så smått kraup alvoret innover meg - det blir ikkje til noko utan at eg jobbar for det. Så då starta eg å leite. Eg har leita og sett mange stader, både aust og vest for langfjella. Nokre av dei eg såg såg så lovande ut at dei måtte prøvast. Eg har skuffa andre og vorte skuffa sjølv fleire gonger, men det høyrer med til historien at på avstand har eg likevel visst at det nok var til det beste. Og singellivet var jo slett ikkje så verst det heller.

Men eg skal ikkje glorifisere singellivet. Eg har jamnt ønskt meg noko meir. Kva er vel litt fridom målt mot draumen om vilkårslaus kjærleik frå mann og barn?
Så eg har leita vidare, etter nokre korte eller lengre periodar med surmuling over at nokon eg likevel ikkje meinte var gode nok heller ikkje gjorde teikn til å ville dele livet sitt med meg. Heilt til i sommar. No er det mange ting som kan tyde på at leitetida er over.

Mannen min smiler og dansar og ventar på meg når eg kjem heim frå jobb. Mannen min er sterk og flott og god å snakke med. Han er smart og klok og sprek. Han ler hjarteleg og ser i neste augneblink på meg med dei varmaste augo. Mannen min gjer meg så lukkeleg som eg aldri har vore før. Han serverer kjærleikserklæringar som om han aldri har gjort anna, og han får meg til å kjenne meg trygg. Mannen min er Mannen med stor M. Han er min. Min kjærast. Min. Kjærast.