mandag 23. august 2010

Fjelltur og seminar

Torsdag og fredag vart det invitert til seminar om Landskap og filosofi på Sota Sæter. Eg er vel mest for hobby-filosof å rekne, men ettersom eg har jobba litt med landskap på akademisk nivå syntest eg at eg kunne melde meg på. Eg vil gjerne halde meg oppdatert på dette feltet, og skal eg vere ærleg, så freista det vel litt med nokre dagar til inspirasjon i fjellheimen.

Eg fekk motivert SunnmørsMarit som bur i Jostedalen til å vere med, og saman tok vi rett og slett beina fatt og gjekk til seters. Ikkje for å gjere oss feite primært, men det vart servert mykje og god mat (og drikke), så då fekk vi vel att for at vi gjekk. Altså, dette høyrest kanskje verre ut enn det er. Vegen over Handspiki, frå inst i Jostedalen til inst i dalen der Sota Sæter ligg, er ikkje så lang. Vi gjekk etter jobb onsdag og var framme til sein middag kl 19. På tilbakevegen var tidsramma endå litt strammare, fordi Marit måtte rekke barnehagen og SFO. Vi starta ved lunsjtider, og rakk det med god margin. Dei vi møtte som hadde køyrt frå Sogn til Sota hadde brukt 3-3,5 timar på det, så då var det vel ikkje noko dårleg alternativ å gå i 3,5 timar? Biletet under er tatt på heimvegen, frå vasskiljet, Handspiki, og vestover mot Styggevatnet og Jostedalsbreen. Vi ser kanskje ikkje kjempelukkelege ut på biletet, men det får gå på kvota for ikkje-heilt-vellukka sjølvportrett, heller enn å bli forklart med at vi ikkje var nøgde med situasjonen og valet.

 

Seminaret kan eg også skrive mykje godt om. Kombinasjonen av innleiarar var brei og inspirerande, frå filosofi, via kunsthistorie til politikk. Alle med landskap og tankar og oppfattingar av landskap som overordna tema. Lekfolk og akademikarar. Herleg! Masse inspirasjon for meg. Eg vil slå eit slag for tematiske seminar som inneheld innleiingar frå mange ulike vinklar på same tema, heller enn breie forskingsseminar, der den samlande faktoren er at alle driv forsking. Hurra for Skjåk kommune som har gode folk til å setje saman program!

5 kommentarer:

Randi Kristin sa...

Sota sæter er så flott! masse goe minner derfra. Har en plan om å reise dit med gutane når dei blir større og bo der og gå tura i fjellet.

rypa sa...

Æsj. Der var de og her var eg. Æsj.

Sunnmørsberta sa...

Det beste med å GÅ til seminaret er at ein har noko å snakke (skryte) med andre om.

Marte sa...

Det beste med å gå til seminaret er selskapet. Takk for turen, berta.

Sunnmørsberta sa...

Samd. og som med hjå sunnmøringar flest stod det ikkje stillt