fredag 15. april 2011

Nytt

Ganske snart skal denne bloggen, som jo har ein tittel som lovar innhald om reiser, få litt påfyll på nettopp dette området. Om ikkje så altfor lenge set eg meg på eit fly som skal ta meg til eit annan stad på kloden. Tidlegare har slike turar for min del alltid vore sørover (til Europa) eller sør-vestover (til Latin-Amerika). Denne gongen skal flyet andre vegen. Vel, framleis ein god del sør, men definitivt ikkje aust. Nytt land, ny kultur, nytt landskap. Og når eg kjem heim, håpar eg det blir nytt innhald på bloggen.

Men fordi denne bloggen dei siste åra ikkje har handla så mykje om reising, kan eg tillate meg å kunngjere noko anna nytt. Ny leilegheit. Ein draum. Tenk kor koseleg det kan bli, når eg får gjere det til mitt. Og ikkje minst - eige gjesterom!

tirsdag 5. april 2011

Nytt liv

Det er april. Nytt liv er i kjømda. I dag såg eg den første hestehoven som hadde sprengt seg opp gjennom snø og tele og vegsalt og grus i grøftekanten då eg sykla til jobb. Våren er på veg. Snømengda minkar time for time. Endeleg.


For tre veker sidan starta eit anna, og heilt nytt liv (nei, eg er ikkje gravid). Dagleg manifesterer det seg gjennom ny veg til jobb, nytt kontor og nytt landskap. Eg har flytta på meg. Eg har sagt på gjensyn til kolleger og vener i Sogndal og pakka den lille grøne bilen stappfull og kjørt nordover. Langs kysten, forbi Nordfjord, gjennom heimfylket Møre og Romsdal og til trønderhovudstaden. Eg er blitt universitetstilsett.

Den 15. mars starta eg ei (minst) fire år lang epoke som eg håper skal ende i disputas og doktorgrad. Det er i alle fall meininga. Eg skal fordjupe meg og bli ekspert. Ekspert i landskap og demokrati. Det er i alle fall meininga. Eg må likevel innrømme at inntil vidare er eg mest ekspert på andre ting. For tida kanskje aller mest ekspert på bustadmarknaden i denne nye byen. Ny jobb og ny by fordrar ny bustad. Eg har ikkje tal på kor mange gonger eg har ringt til banken utan å få svar. Til slutt fekk eg svar. Heldigvis. Eg har ikkje tal på kor mange visningar eg har vore på. Men bunken med innsamla salsoppgåver veks stadig. Snart, ganske snart skal ekspertkunnskapen kome til nytte. Og så håper eg at byen ønskjer meg velkomen (tilbake) som innbyggar.

Møtet med den nye (gamle) byen var først mildt og skjønt. Eg tjuvstarta sykkelsesongen i god tru. Eg hadde gløymt at våren i Trøndelag (og Noreg) er lunefull. Etter at eg hadde debutert som syklist kom frosten og snøen igjen. Ikkje berre litt, men masse. På ei veke kom det over ein halv meter fleire stader. Eg trudde mest at det var over og ut for sykling før påske. Eg hadde gløymt at når våren i Trøndelag (og Noreg?) først kjem, så kjem han kraftfullt. I helga kom han. Med sol og meir enn 10 grader. Det var veromslaget som skulle til for at også dei små gule vårteikna i grøftekanten skulle tvinge seg fram.

Dei gir håp, desse små gule. Når dei kan trasse naturkreftene, kan eg og. Eg kan ha is i magen og vente til marknaden roar seg litt. Så får eg noko bra utan å måtte leve på knekkebrød og nudlar i fire år. Og på litt lenger sikt kan eg ha krefter til å ta meg saman og sprenge kunnskapsgrenser. Eit nytt liv er i kjømda.