fredag 26. desember 2008

Årets julebrev

Kjære venn.

Det er vanskeleg for meg å oppsummere 2008 i få ord. Året har vore meir innhaldsrikt enn på lenge, og på ein heilt anna måte enn dei seinaste åra. For første gong på mange år har eg ikkje vore utanlands i særleg grad. Bortsett frå ein kort tur til Danmark i sommar har eg vore i Noreg, og viktigast er at eg ikkje har vore i Latin-Amerika. Eg sette meg som mål ved nyttår at eg til ei forandring skulle halde meg i Skandinavia. Målet vart sett mest som ein spøk, men likevel med eit snev av alvor. No er målet nådd og eg er overvelda over alt eg har opplevd utan å reise langt.

Våren gjekk stort sett med til skriving av masteroppgåve. Jamne arbeidsdagar på opp mot 12 timar fleire månader i strekk resulterte i eit verk som eg framleis er både glad for og stolt av. Og godt er det, når eg hadde ofra mange andre gleder i prosessen fram mot innlevering. Blant anna blei gjensynet med påskefjellet på Maurvangen dessverre sterkt prega av at eg var altfor sliten.

Heldigvis blei sommaren betre. Etter mange månaders intens jobbing, unna eg meg to heile månader ferie, som innebar tre bryllaup, to veker sykkeltur i Nordland heilt aleine, ei veke segltur på Nordmøre med Jette og Arne og ei veke i Danmark hos Ida og familien, i tillegg til rikeleg tid i både Oslo og Ålesund. Skjønt! Det er nok lenge til neste gong eg skal ha heilt fri i så lang tid samanhengande, og utan andre å ta omsyn til enn meg sjølv.

I midten av august var ferien over, og ein ny kvardag starta. Meir eller mindre tilfeldig søkte eg i vår om jobb gjennom traineeordninga i Sogn og Fjordane. Det tok ikkje lang tid før Vestlandsforsking i Sogndal tok kontakt, og deretter bar det strake vegen fram mot tilsetting. I august pakka eg derfor nokre snippesker inn i ein varebil og flytta til Sogndal. I tillegg til ein spennande jobb, med store moglegheiter for både å lære nye ting og å utfordre seg sjølv, byr Sogndal på mange attraktive fjell. I september sette eg ny rekord i fjellturar på ein månad. Vi var velsigna med ein usedvanleg vakker haust i Sogn. (...) I oktober fylde Jette 60 år. Det vart feira utan brask og bram, men på ein verdig måte i eit nøye utvald lag, slik jubilanten helst ville ha det. Det har og vore hyggeleg å kome heim til Oslo, der Elin og Frank no bur til dagleg, men der eg framleis har eit rom og mange eigedelar, i tillegg til aksjedel, banklån og adresse.

Nettverket i Sogndal har også utvikla seg, og desember har vore fylt opp med sosiale aktivitetar. Julebord, juleverkstad, kakebaking, snøleik og konsertar. Eg har byrja å synge i kor igjen, og eg nyt å utvikle og formidle musikk saman med andre. Utover kor, tek engasjementet i Latin-Amerikagruppene ein del både tid og krefter. Då er det godt at arbeidet gir mykje tilbake i form av kunnskap, medvit, sigrar og vennskap.


Til slutt vil eg sende inderlege ønskjer om at jula, trass i alt som skulle og kunne vore betre, blir ei tid for nærleik og varme, og at 2009 bringer ei passe mengd med både utfordringar og gleder.

Julehelsing frå Marte

Tvillingsjeler

Da jeg åpnet julegaven fra Elin på onsdag måtte jeg le. Den så sånn ut:














Grunnen til at jeg lo var at jeg, to dager tidligere hadde kommet hjem, og hatt med meg følgende bidrag til julekosen:














Jeg trodde altså et øyeblikk at Elin og jeg, gjennom å ha bodd sammen en periode, hadde blitt så like at vi altså også laget det samme julegodtet, hver på sin side av langfjella.

Men lærdommen er at skinnet bedrar: I Elins former var det romsjokolade, mens i mine er det fløtekarameller, og Elins kuler har marsipankjerne, mens mine er sjokoladekuler. Det var bare mintknappene som var like hos begge.
Altså er vi ikke blitt så like som jeg først fryktet, men like nok til å matche godt!



PS: Når det gjelder vellykkethet, er dommen at det som er i formene er det mest vellykkede hos begge. Kenneth har uoffisielt kåret mine karameller til de beste han har smakt, og da Arnefar fikk snusen i at det var rom i sjokoladen til Elin, forsvant de siste eksemplarene som dugg for solen. Det pleier å være et kvalitetstegn. Elin kjenner det nok igjen fra en brødspiseepisode i Griffenfeldtsgate.

torsdag 18. desember 2008

Vinter??




Søndag hadde vi juleverksted hjemme hos meg i Sogndal. Mandag hang jeg derfor opp en pepperkake i vinduet mitt på kontoret. På mandag var det snø i bakken utenfor. Idag ser det bare ut som det er en pepperkake som henger på overtid langt utpå vårparten. Gi oss snøen tilbake!

Prisutdeling



Fredag var det julebord med prisutdeling. Jeg fikk prisen som Årets Globetrotter. Litt paradoksalt når man tenker på at 2008 er det året hvor jeg ikke har vært utenfor Skandinavia...

tirsdag 16. desember 2008

2008 i bilder

Dette innlegget er eit forsøk på å oppsummere 2008 i bilete, fordi eg er ganske råttent dårleg til å oppdatere bloggen med tekst.


Januar

Skitur med Jette til Frostatinden













Skøytetur på Engesetvatnet












Februar

Masteroppgåveskriving...










Mars

Påsketur i Jotunheimen










April-mai

Oppgåve, oppgåve og atter oppgåve - endeleg ferdig!!













Juni

Bryllaupsfest til Synnøve og Torbjørn













Juli

Sykkeltur i Nordland
Midnattssol frå Dønna Havtåke på Lovund













Segltur med mams og paps - frukost i uniform











August

Danmarkstur
det var deilig å treffe Ida, Brian og Sally att













Så flytta eg til Sogndal










September

Sogndal byr på gode moglegheiter for fjellturar
Raudmelen i Balestrand









Jostedalsbreen










Personalseminar på Selje - krabbekoking









Oktober

Jette 60 år










November


November var så trist og grå, men nyttig likevel...

Desember


Joleverkstad i Sogndal

Bilete kjem

Hvor er jeg??

I juni-juli var jeg på sykkeltur. Hvor var jeg?
(Stikkord Møre og Romsdal og Nordland)

1







2







3







4







5


Blogg-sisten

Jeg trodde folk var lei av kjedebrev. Men jammen ble jeg ikke ufrivillig verva inn i blogg-sisten. Maria velger å tro at dette er en måte å spre ordet om alle de fantastiske bloggene som finnes her i verden, og da er det jo bare å gjøre det. Men jeg sliter med å finne fem stykker å videresende den til. Om ikke annet, kan det være en trening for alle i å lage linker i teksten sin

Spillereglene er da ihvertfall som følger:

1. Du må linke til den bloggen som tagget deg.
2. Lag en liste med seks (u)interessante ting om deg selv.
3. Tagg fem andre blogger, la dem vite det ved å kommentere på deres blogg.

Seks (u)interessante ting om meg?

1. Jeg er nylig kåret til sjefens juleidol.
2. Jeg er drita dårlig til å oppdatere bloggen, til tross for mange gode ideer.
3. Jeg syns mandariner er en frukt som hører desember, og kun desember, til.
4. Jeg er for 6-timersdag.
5. Jeg leser flere blogginnlegg enn jeg skriver, jeg leser også flere enn jeg kommenterer.
6. Hurra for kaffe om morgenen.

Stafettpinnen går videre til Randi for hun er den jeg kjenner som oppdaterer oftest, Oddny fordi hun viser hvor lett det kan gjøres med 3G, Ole Inge fordi han er flittig, og skriver bra og interessant, og Signe Marie, fordi hun trenger et puff i baken.