mandag 5. juli 2010

Vakre, ville, og farlege, Molladalen


Molladalen i Ørsta er ein av Noregs mest kjende klatremål, og med god grunn. Sjølv er eg ikkje av dei som kjenner blodet bruse ved tanken på å henge i eit tau i ein stupbratt fjellvegg. Men Molladalstindane har eg sett, og dei kan få sjølv ein traust turgåar som meg til å få lyst til å ta på klatreselen.

Derfor er det spesielt trist å få slike meldingar som kom no i helga. Ei gruppe frå DNT i Lillehammer hadde leigd inn ein turleiar frå Jostedalen for å føre dei opp ei velkjend rute i Molladalen, men nesten på toppen løsna det ein stein som traff turleiaren. Han vart kasta ut over eit stup og fall fleire hundre meter, og omkom.

Etter at eg flytta til Sogndal, får eg alltid eit ekstra stikk i magen når eg høyrer slike meldingar. Brått er spørsmålet kven som kan kjenne han eller ho som har forulukka. Denne gongen var det ein jostedøl som omkom. Eg er blant dei første til å ønskje at Sunnmøre sin vakraste dal ville vist seg frå ei meir fordelaktig side når vi fekk besøk frå Jostedalen. Jostedalen har ingen å miste - mi djupaste medkjesle går til alle som har mist ein god ven og gledespreiar i ein av Noregs vakraste dalar.

Ingen kommentarer: