tirsdag 26. oktober 2010

Gullungen

Førre helg var eg ein tur heime i Ålesund. Det var kjekt å vere heime litt, og det var særleg hyggeleg å få kome så raskt inn i varmen att hos Aurora. Det tok ikkje meir enn ein ettermiddag før vi var gode vener, trass i at ho ikkje har sett meg sidan midt i juli.

Ho får meir og meir eigen vilje, men har foreløpig ikkje mange ord for å uttrykke kva ho vil. Så det blir med peiking og mmm'ing og æææ'ing. Men eg er sikker på at ho fortalde om fuglane som sat på strømledninga, om endene som fekk tørt brød og om geitene som ville ete gras fra hendene våre. Inne fortalde ho ofte om skilpadda Leo, som symjer rundt i eit akvarium på kjøkenet hos momo og besten. Aller helst vil Aurora mate Leo. Men det kan vi berre gjere ein gong for dagen. Så då sa ho at ho heller ville leike med lego eller med den fine babushka-dokka som momo har på peishylla. Den kan vi ta frå kvarandre og setje saman mange gonger.

Barnehagen ville ha bilete av viktige personar i Aurora sitt liv, så vi hadde ein liten fotosession på stova søndagen. Momo og besten og mamma og tante Marte i ulike aktivitetar saman med Aurora:

 

Ingen kommentarer: