I enkelte familiar på Sunnmøre høyrer ein tidleg i januar snakk om trettandedags-Knut som kjem og kastar jula ut. Eg kjende ikkje til han før i år, og han har heller ikkje besøkt meg i Sogndal medan eg var i Oslo, for då eg kom tilbake hit på torsdag hang og stod det vesle eg hadde av julepynt framleis framme.
I helga tok eg ned det meste, men pepperkakehuset hadde eg ikkje hjerte til å kverte. Det skulle jo liksom bli knust med brask og bram og gjestar til stades. Men igår, då eg kom heim frå arbeid, hadde huset (eller var det Knut?) tatt hand om saka sjølv.
Berre Idun sin emo-vegg stod att intakt.
Vi får satse på pepparkakehusknusefest i 2010 heller. Men dersom nokon enno ikkje er lei av pepperkaker har eg altså nok å by på ei stund framover.
2 kommentarer:
definitivt Knut! Du kan rekke pepperkakeknusefest i romjula i 2009.
Hmmm. Jeg er jo vokst opp med at pepperkakehus skal knuses på bursdagen min, så romjula er litt tidlig.. Men skal tenke på det, fram til jul.
Legg inn en kommentar