Våren er komen! Eg synest det er deilig, og feirar med å dele vårteikna frå den siste veka:
- Det er lyst om kvelden. På søndag var eg ute på ein kveldstur, og då eg kom ut klokka halv ti var det framleis lys i lufta!
- Eg kan gå ute i t-skjorte utan å fryse. Midt på dagen er det rett og slett for varmt med genser og jakke
- Lunsj i det fri. Vi har ete lunsj på terrassen på jobb i fleire dagar, i t-skjorte og solbriller.
- Det blomstrar i alle hagar. I kvar eunaste hage eg går forbi på veg til butikken eller til jobb kjem blomane fram. Nokre stader kan eg følgje utviklinga frå dag til dag.
- Sykkel og is. Då eg var på sesongens første skikkelege sykkeltur på søndag kjøpte eg is når eg kom til Leikanger.
- Hagemøblane er tatt i bruk. To gonger siste veka har eg og boka mi budd i solstolen om ettermiddagen.
- Eg har fått solskille på brystet. Etter leseøktene ute i hagen er skillet synleg når eg ser godt etter.
- Møkkalukt. For oss som bur på landet er lukta av møkkaspreiing lukta av vår. Nokre likar ho ikkje, men eg gjer det når eg slepp å stå midt oppe i ho i lange tider.
3 kommentarer:
Det aller finaste vårteiknet synest eg er humlene - ikkje sånne friske raske sum!sum!-humler, men sånne seige, dovne vårhumler som er berre såvidt dei lettar seg frå blomst til blomst :-)
Det at ting spirer og gror, nytt liv, nye muligheter;-) Stor klem fra en av høstens FN-praktikanter i Genevé
Oddny: Einig! Sløve humler er flott. suuum - suuum.
Maria: Grattis med jobb!
Legg inn en kommentar