Eg er tilbake i Sogndal. Idag var eg på søndagstur i sola to gonger, for å lade opp til første arbeidsdag i morgon. Det var heilt fantastisk. Sol og kaldt og klart. Vi har ikkje så mykje snø, men ein del is fann eg. På veg heimatt etter andre turen (då var sola forsvunne - inne blant fjella er soltimane knappe), måtte eg ta nokre bilete av all den fine isen. Dessverre hadde eg ikkje med meg anna kamera enn mobilkameraet. Men dersom det blir sol på onsdag kan det hende eg tar meg ein ny tur og ta fleire bilete.
Frost gjer naturen flott!
2 kommentarer:
Velkomen attende til Sogndal, Marte! Har korkje lese eller skrive blogg på laaang tid, men har oppdatert meg skikkeleg i dag. Ja, i arbeidstida... Du må forresten vise meg den der RSS-greia som gjer at bloggpostane vert varsla. Turar er tingen, og så er det pinadø ikkje verst det mobilkameraet ditt - betre enn 8 megapixelskameraet mitt? Arrgh! Ole I.
Ikkje for å skryte, men då har det kanskje litt med fotografen å gjere og? Mobilkameraet mitt er ganske dårleg. Treng du eit lynkjapt fotokurs? Er elles glad for og stolt over at du tyr til meg som dataekspert. ;)
Legg inn en kommentar