torsdag 12. mars 2009

Vintervår - ei bileteforteljing


I går var eg på ski. Det var sol og ti gradar i bygda, så eg må innrømme at eg var i tvil om kor godt skiføret ville vere. Tørre vegar, fuglekvitter, snøklokker i vegkanten og strålande sol gjorde at eg lurte på om eg heller skulle sykle ein tur.



Men fjellet svikta ikkje. Det kunne by på påskestemning med ei like strålande sol og etter kvart som høgdemetrane blei tilbakelagt vart det silkeføre.


Eg var såre nøgd over det faktum at det var vår i bygda og vinter på fjellet, og måtte medgå for meg sjølv at eg var samd med dei tidlegare motstandarane mine i den interne diskusjonen vi har hatt på jobb, og korvidt det var greit at snøen forsvann eller ikkje i bygda. Vår er jo deilig, berre ikkje alt skiføre forsvinn.




I same vårrusen tok eg dette biletet på veg heim frå korøving i går kveld - lukkeleg over kor vakker våren er, sjølv i mørkret.







Idag då eg vakna, såg det slik ut same staden. Vinteren er altså ikkje over, sjølv om eg akkurat hadde akseptert tanken på at våren kunne kome. Eller kanskje nett derfor?






Eg får trøyste meg med to ting: For det første kan eg gjenta til det evinnelege at vinteren er vakker, og for det andre inneber snøen som fell her i bygda i natt og idag nokre dager meir med skiføre på fjellet. Og det er jo fantastisk!

1 kommentar:

Maria Philippa sa...

Åhh! Våren har kommet til Norge! (ihvertfall på de to øverste bildene...) Da er det bare å komme seg hjem!