søndag 1. mars 2009

Langrenn

Etter inspirasjon frå blant andre Petter Northug og Ole Inge har eg blitt gripen av ei interesse for å bruke ski som treningsform. Det bur jo ei lita konkurranseløve inni meg, så tidtaking og spurtoppgjør er spennande.

I alle fall, på den nemnte skituren fredag tenkte eg at eg skulle måle litt krefter. Eg hadde vore på ski også på torsdag, og særleg i armane var mjølkesyra framleis tilstades.

På veg frå Ullevålseter til Sognsvann var det tett i løypene, og eg passerte mange turgåarar. Men eg vart sjølvsagt også passert av ein del sprekingar (dei fleste faktisk med trekkhund). Eg lot dei gå, bortsett frå ein som gjekk forbi meg berre for å legge seg rett framfor meg i løypa. Han tenkte eg å konkurrere mot. Det gjekk greit - eg tok han lett igjen i neste utforkøyring med MYKJE betre gli enn han. Eg merka så at eg hadde han av og til nært og av og til litt lenger bak meg ned mot Sognsvann. Ikkje overraskande tok han meg likevel i innspurten, ein liten oppoverbakke - eg hadde verken feste eller krefter igjen i armane.

Men han hjalp meg heilt sikkert til auka tempo. I alle fall gjekk eg 13,5 km på 1t og 15min. Eg er ganske nøgd med det.

Ingen kommentarer: