mandag 2. november 2009

Fordomar - ei ode til bibliotekarane

På tide å ta eit oppgjer med ein av fordomane mine. Eg er nok ikkje aleine om å assosiere bibliotekaryrket med ei omstendeleg middelaldrande dame med under middels spennande klede og god tid.
Første gong eg måtte redefinere dette biletet var for nokre år sidan, då eg høyrte om ei venninne av ei venninne av meg som utdanna seg til bibliotekar. Brått vart den middelaldrande dama i tankane mine forsøkt bytta ut med ei lyshåra jente i 20-åra.
Andre gongen eg måtte redefinere dette biletet var i vår, då eg blei kjend med Camilla, som er høgskulebibliotekar her i Sogndal. Ho er nesten som meg. 30 år. Opptatt av kultur, natur og sjølvsagt bøker. Ho kler seg i vanlege klede og høyrer mykje på Ipod (der ligg ho jo framfor meg, eg har ikkje eingong Ipod).

Etter at eg starta å jobbe på Vestforsk er bibliotekarane viktigare enn nokon gong før. Som student måtte eg gå på biblioteket, og finne bøkene sjølv og låne dei på ei maskin. Berre eit fåtal gonger snakka eg med dei som jobba på biblioteket. Men no kan eg trykke ei bestilling inn på dataskjermen min og nokre dagar seinare ligg boka i posthylla mi. Levert av, ja, nettopp, bibliotekarane. Camilla sender attpåtil nokre gonger små helsingar som ein tepose eller ein sjokolade i konvoluttane med bøker.
Men altså. Ideen om at bibliotekarar tek seg litt ekstra tid har det tatt litt tid å avlive. Men no må eg ta eit oppgjer med den ideen og. Torsdag føremiddag hadde eg besøk av ein kollega på kontoret. Han hadde ei bok som eg tykte såg interessant ut, og då han hadde gått, gjekk eg inn i Bibsys (altså på nettet) og bestilte boka. Ein - 1 - time seinare var eg ferdig med lunsj, og sjekka som vanleg posthylla mi. Og der låg boka!
No er biletet mitt av bibliotekarane endra til ei ung, hipp og kul dame med over middels brains og ræva i gir. Hurra for Camilla og gjengen!

Ingen kommentarer: