onsdag 21. oktober 2009

VG spesial

Har vore ein snartur i Oslo, og på veg heim i går fann eg ei lettbrukt avis i setet ved sida av meg. I min gjennomgang av gårsdagens utgåve av Verdens gang, har eg funne følgjande gullkorn:

Gullkorn 1 (s. 8)
"...en times hard marsj fra den endeløse grusveien mot Uganda"

Endelaus grusveg? Er det ikkje litt rart om grusvegen aldri ender? Eller er det berre eg som reagerer på slikt?

Gullkort 2 (s. 12)
"- Jeg hadde aldri sett en krokodille før (...) Den så ut som et ekte monster."

Ekte monster? Her er eg usikker på om det er journalisten eller intervjuobjektet som er dummast. Men dersom journalisten hadde vore god, hadde han nok ikkje gjengitt utsagnet så direkte.

Gullkorn 3 (s 16.)
"Vant anbud - var 3 ganger DYRERE"

I seg sjølv kanskje ikkje verdt eit gullkorn, men når eg såg summane på dei to anbuda, har dette likevel unekteleg status som gullkorn. For kva tid vart 1.282.000 euro tre gonger meir enn 292.960 euro? I mitt hovud blir dette minst fire gonger så mykje.


Hurra for VG!!

Ingen kommentarer: