fredag 29. mai 2009

Ny sivilstatus

Aller først ei lita åtvaring til Maria om ikkje å få altfor høge forventningar etter overskrifta.

Men faktum er at eg kjenner det som at eg har gått over i ein ny livsfase. Grunnen til dette er eit lite vidunder i familien. Eg har hatt mine innfall av skepsis over det som skulle skje det siste halve året. Korleis kjem det til å gå? Kven blir ho? Korleis blir mi rolle i dette?

Anna har vore urokkeleg bestemt, og ettersom magen har vakse og tida har gått har også forståinga, ansvarskjensla og 'vaksenrolla' auka merkbart, og vi har alle skjønt at noko stort har vore i emning.
Og no altså: Fredag for ei veke sidan, kl 01 presis kom eit lite vidunder til verda. Aurora. Ho var 49 cm lang og ca 3100 g, og med mine heilt objektive auge er ho verdas vakraste lille vesen (eg har etterkvart sett ein del babyar). Eg hadde heldigvis moglegheit til å ta turen til Ålesund slik at eg fekk oppleve hennar første døgn saman med henne. Det vart kjærleik ved første blikk. Tilveret er komplett når ho ligg i armane mine.

Frå no av skal eg, kvar gong eg får moglegheit til å fylle ut utan førehandsbestemte val, skrive Sivilstatus: Tante.


Eg har allereie starta nedteljinga til neste heimreise som skjer fredag om ei veke. Lurer på om det kjem til å vere slik lenge, at eg tel ned til neste heimtur frå dagen eg reiser derifrå...

2 kommentarer:

Maria Philippa sa...

Åhhh!!! Gratulerer!!! Jeg må si at mine tanker gikk i samme bane som forrige gang, men synes tante er en flott sivilstatus det og! Hils mor og barn og ha en strålende helg!

Henriette sa...

Å gratulerer Tante Marte!! Nydelig lita dukke med et nydelig navn!