fredag 29. mai 2009

Epleblomstring

Det er vår i Sogn og epleblomstringa er no på hell. Men vi har hatt nokre vakre veker her sidan starten av mai. Sjå berre på dette biletet tatt ein heilt vilkårleg dag eg var ute og rusla.

Dobbelt så nasjonalromantisk blir det av lamma som er komt ut på beite, slik at vi høyrer små skjøre brekingar så fort vi åpnar ytterdøra. Det er litt av ei oppleving på veg til jobb.

Viss eg kan dra vårfilosoferinga vidare må eg seie at det gir ein ekstra dimensjon til livet og kvardagen å vite at dei blomane vil har sett på trea dei siste vekene skal bli til eple til hausten. Då eg flytta hit i august var vi i starten på eplehausten. Dei epla som blomstra for eit år sidan drikk vi no som juice kvar dag til lunsj. Ringen er slutta ved at trea blomstrar igjen. Då kjem det nye eple som skal bli nye kaker, nytt syltetøy og ny juice. Det er ein banal klisjé, men det er første gongen eg kjenner årstidene og vekstsyklusar så tydeleg på kroppen. Det er ei god kjensle.

Ingen kommentarer: