tirsdag 12. mai 2009

Berlin

For to uker siden var eg ein tur i Berlin. Det starta som ein skriveverkstad med nokre kollegaer frå jobben. Eg hadde stålsett meg for laaaange arbeidsdagar, opp mot 14-15 timar. Men då vi vel kom fram, viste det seg at Stefan (vår tyske kollega og vertskap på turen) hadde planlagt at vi skulle kose oss litt og. Her er Carlo og Stefan i parken ved Spree.



Eg er, som kjent, på diett for tida. Diett utan gluten tyder diett utan øl. Heldigvis fann eg sykkeløl, som er 50/50 øl og sitronbrus. Godt redusert gluteninnhald, og faktisk veldig godt. Eg trur det blir ein slager til sommaren her heime, som eit alternativ til lettøl når ein har bil. Eit skikkeleg rallar-øl!


Tyskland = Sweinefleisch. Ein kveld oppsøkte Frida (kollegavenninne tidlegare nemnt i samband med påske) og eg ei brun bule etter tilrådingar frå Gatelangs Berlin. Vi måtte verkeleg gå gatelangs for å finne bula, og var rett så svoltne då vi kom fram. Det var ikkje noko problem viste det seg. For på denne kneipa serverte dei kjøt i minimum 500g porsjonar, og på serveringsfat. På biletet nedanfor er glaset i bakgrunnen ein svær seidel med øl - med same diameter som ei norsk 1,5l flaske. Trass i at eg var svært svolten då eg kom klarte eg ikkje å fullføre, og eg var mett langt utpå neste formiddag.


Frida og eg vart att i Berlin då dei andre reiste heim for å gå i 1.mai-tog. Vi oppsøkte også 1.mai-markeringa i Berlin, men trakk oss ut før dei aller fleste av politibilane kom køyrande med sirener. Då sat vi eit kvartal lenger borte og såg på det heile frå ein fortausrestaurant. Etterpå reiste vi på Murmuseet i huset ved Checkpoint Charlie. Eg tok mange bilete, men berre eitt med mobilen. Dei andre kan de sjå på Picasa.


Det var ei fin veke i Berlin. Einaste store nedturen var at vi mista flyet heim på søndag kveld. Litt bittert, mykje stress og ei dyr siste natt i Berlin på eit flyplasshotell utan artige fasilitetar. Men vi kom oss heim dagen etter. Heldigvis.

1 kommentar:

Jon sa...

Takk for postkort!