onsdag 14. april 2010

Vårteikn


Våren er komen! Eg synest det er deilig, og feirar med å dele vårteikna frå den siste veka:
  • Det er lyst om kvelden. På søndag var eg ute på ein kveldstur, og då eg kom ut klokka halv ti var det framleis lys i lufta!
  • Eg kan gå ute i t-skjorte utan å fryse. Midt på dagen er det rett og slett for varmt med genser og jakke
  • Lunsj i det fri. Vi har ete lunsj på terrassen på jobb i fleire dagar, i t-skjorte og solbriller.
  • Det blomstrar i alle hagar. I kvar eunaste hage eg går forbi på veg til butikken eller til jobb kjem blomane fram. Nokre stader kan eg følgje utviklinga frå dag til dag.
  • Sykkel og is. Då eg var på sesongens første skikkelege sykkeltur på søndag kjøpte eg is når eg kom til Leikanger.
  • Hagemøblane er tatt i bruk. To gonger siste veka har eg og boka mi budd i solstolen om ettermiddagen.
  • Eg har fått solskille på brystet. Etter leseøktene ute i hagen er skillet synleg når eg ser godt etter.
  • Møkkalukt. For oss som bur på landet er lukta av møkkaspreiing lukta av vår. Nokre likar ho ikkje, men eg gjer det når eg slepp å stå midt oppe i ho i lange tider.
Har du nokre vårteikn du vil dele?

3 kommentarer:

Oddny sa...

Det aller finaste vårteiknet synest eg er humlene - ikkje sånne friske raske sum!sum!-humler, men sånne seige, dovne vårhumler som er berre såvidt dei lettar seg frå blomst til blomst :-)

Maria Philippa sa...

Det at ting spirer og gror, nytt liv, nye muligheter;-) Stor klem fra en av høstens FN-praktikanter i Genevé

Marte sa...

Oddny: Einig! Sløve humler er flott. suuum - suuum.
Maria: Grattis med jobb!