fredag 15. januar 2010

Litt sjølvskryt:

Vil de høyre ei kjend og kjær stemme dykkar på radioen, kan de gå inn her og finne opptaket av føremiddagssendinga til NRK Sogn og Fjordane frå i går. Opptaket er av heile programmet, men dersom de set markøren ganske rett over høgtalarikonet, kjem de nokså direkte inn på der Peter og eg promoterer korjubileet no i helga.

Pittelitt stolt.

Og needless to say
Kom i Leikanger kyrkje kl 15 eller Stedje kyrkje kl 19 søndag dersom du er i nærleiken!

torsdag 14. januar 2010

Storebror ser deg

Dette lurar eg på:
Eg er ikkje med på Facebook. Men eg får sjølvsagt epost frå dei innimellom.

Korleis kan dei tipse meg om folk eg 'kanskje kjenner', som eg VEIT ikkje er venner med andre som har invitert meg til å bli med på Facebook? Kva liste er det dei har tilgong til?

Amerikanar treft på reise i Latin-Amerika, og eit tidlegare prosjekt som eg kanskje helst vil gløyme. Eg kjenner jo desse folka.

Eg tykkjer dette er skummelt.