onsdag 12. august 2009

Forsinka sommaroppdatering

Eg har, trass i mange forsøk, enno ikkje fått til å mobilblogge. Anten er det noko som ikkje stemmar i samarbeidet mellom Nokia E51 og Blogger, eller så er eg dummare enn eg trudde. Eg held ein knapp på første, trur eg (jf førre bloggpost).
Uansett - det har blitt sendt nokre MMSar frå min mobil i sommar, med stemningsoppdateringar frå dei ulike aktivitetane. I dei kommande bloggpostane vil eg gjengi desse, som eit slags forhåpentlegvis litt underhaldande referat av kva eg har fyllt sommaren og ferien med.


Eg startar med MMS frå landsleiren UTOPIA på Åndalsnes, sendt 9. juli:

Speiderleir er deilig - vi har vore velsigna med bra ver stort sett. Det er viktig når ein søv i telt. Tradisjonen tru har vi surra eit høgt tårn, denne gongen berre slått av ei gruppe. I framgrunnen ser du prototypen til det nye kjøkenet som møbelfabrikkane i Sykkylven skal starte produksjon av.

2 kommentarer:

Randi Kristin sa...

Ej lika at du e tilbake:)

Marte sa...

Takk for det. Eg trivst her.