onsdag 25. februar 2009

Trolsk vinter

Og eg held fram med vinterbileta mine - trass i få kommentarar. Idag er det henta frå Buskerud, litt vest for Drammen. Eg var på veg frå Sogndal til Oslo i buss. Sat og dreiv med mitt utan å bry meg så mykje om det som var utanfor bussen. Inntil sola plutseleg kom fram og fekk meg til å løfte blikket. Kva fekk eg sjå? Biletet nedanfor kan vel knapt seiast å gjengi synet, men eg tykkjer likevel at resultatet vart ok for å vere eit mobilbilete tatt i all hast frå ein buss i fart. Eller?

4 kommentarer:

Maria Philippa sa...

Veldig bra! Er vel kanskje mest imponert over nynorsken din - et fag jeg strevde stort med på skolen. Snakker du det og, eller er det bare skriftlig? Du kjører på med disse mobilbildene dine, men hadde ikke du også et fancy kamera da vi roama rundt i Guateguate??

Randi Kristin sa...

snakker nynorsk.. fnis! min er dessverre(som jeg lærte i dag at d skrives)ikke så stø lenger.

liker at du er fasinert av vinter, is og snø jeg mMrte. Det er en måte å se positivt på snøen på!!

Marte sa...

Hei. Jeg digger å få kommentarer!! Eller skal jeg skrive: Eg diggar å få kommentarar!
Maria: Eg vaks opp med nynorsk, og hadde det som hovudmål 9 år på skulen. Eg snakkar (som du burde vite) ikkje nynorsk, men eg les det fint, og no skriv eg det altså og. Det er eit resultat av at eg bur i Sogndal og at nynorskpåverknaden her er stor.
Når det gjeld kamera har du rett i at eg har eit digitalt speglreflekskamera, men bileta eg tek med det blir så store at dei tek opp for mykje plass her inne på bloggen, og så går eg i tillegg sjeldan rundt med det kameraet.
Randi: Hurra for vinter! Eg er underernært etter litt for mange vintrar i Brasil/Guate. Fint at du har lært deg å skrive dessverre riktig. :)

Maria Philippa sa...

Aha! Der har vi svaret! Jeg lurte litt på om perfekte nynorskkunnskaper kom automatisk med endring av postnummer, men da ligger altså løsningen i oppveksten!